IMG_4689c_cropped_560x348

Ledig stilling som dagleg leiar for Valdres folkemusikkarrangement as

Det er no ledig 80% stilling som dagleg leiar for Valdres folkemusikkarrangement AS som kvar sumar arrangerar Jørn Hilme- stemnet og Strunkeveko. Dagleg leiar har ansvar for den daglege drifta av selskapet og arrangementa, herunder budsjettering, økonomistyring, søknadsskriving, sponsorarbeid, planlegging, strategi og marknadsføring. Dagleg leiar er også ansvarleg for å rapportere til styret for VFAS. Planlegging og gjennomføring av Jørn Hilme-stemnet vil vera hovudarbeidsområdet.

Søknadsfrist: 15.01.2012.

Om VFAS
Valdres folkemusikkarrangement AS er eit ideelt aksjeselskap med Valdres folkemusikklag som eigar. Dagleg leiar har ansvar for den daglege drifta av selskapet og rapportering til styret for VFAS. I tillegg til dagleg leiar arbeidar det også ein kulturkonsulent i Valdres folkemusikkarrangement med hovudansvar for planlegging og gjennomføring av Strunkeveko, samt rekneskapsføring og anna administrativt arbeid for VFAS.

Eigenskapar
Me søkjer ein kreativ og strukturert person med gode samarbeidsevner. Søkjaren bør ha relevant arbeidserfaring og/eller utdanning innanfor kulturadministrasjon/økonomi, og ha god kjennskap til folkemusikkfeltet og/eller regionen Valdres.

Me tilbyr
Stillinga er på 80% av full stilling, men ein må rekne med at arbeidsmengda vil vere ujamt fordelt gjennom året. Dagleg leiar for Valdres folkemusikkarrangement har kontor i eit godt fagmiljø i folkemusikkhuset ved Valdres Folkemuseum.

Løn etter avtale.

Send søknad med CV til: post@hilme.no.

Søknadsfrist: 15.01.2012.

Spørsmål kan rettast til:
dagleg leiar Stian Roland
Valdres Folkemusikkarrangement AS,
Tyinv. 27, 2900 Fagernes
Tlf. 907 22 690 eller 61 36 46 71