Dette er kurset for deg som likar å danse og lea deg dagen lang! Instruktørane gjev deg undervisning i hallingdans, akrobatikk og godkarstykkje. Du får óg ei innføring i pardans.
Instruktørar: Anders Aasberg (man+tors-fre), Bjørnar B. Heimdal og Torkjell Lunde Børsheim
Samspel er eit kurs for deg som har lyst til å lære meir om arrangering og samspel med andre instrument. Dersom du vil vera med på dette kurset må du vera erfaren på instrumentet ditt. Sidan det ikkje kan vera veldig mange deltakarar på dette kurset gjeld "fyrstemann til mølla"-prinsippet!
(For deltakarar på alle slags instrument, gitar, bass osv)
Instruktør: Jorun Marie Kvernberg
Folkedansteater set i år fokus på drama og forteljarkunst, men folkedans vil også vera ein viktig del av kurset. Deltakarane har ansvaret for regien av avslutningsframsyninga vår. Framsyninga heiter "På eventyr" og den raude tråden er kjente og ukjente folkeeventyr.
Intruktørar: Ellen Persvold og Solveig Hårdnes
Dette er kurset for deg som allereie har dansa ei stund og er over 16 år. Eit knippe av dei beste instruktørane står klare til å gje deg ei innføring i så vel tradisjonelle dansar som meir moderne danseformar og danseteknikk. Dette er eit kurs som garantert vil gje deg både inspirasjon og danseglede!
Instruktørar: Martin Myhr, Gro Marie Svidal, Håkon Tveito, Sissel Rudningen, Silje O. Hålien, Steinar Strøm, Rolf Bjørgan, m.fl.
For å vera med på fele, hardingfele, toradar og trekkspel må du ha spelt på instrumentet ditt i to år. Langeleik og song har tilbod til nybyrjarar. Dersom du har spørsmål om leige av instrument, kontakt oss i god tid før kurset, så kan me hjelpe deg med det. Her skal det bli spel og song i alle krikar og krokar ei veke til endes!
Fele: Ole Foss, Nina Fjeldet og Eivind Kjorstad
Hardingfele: Daniel Sandén-Warg, Erlend Viken og Ingrid Schei Stuhaug.
Toradar/trekkespel: Rannveig Djønne
Langeleik: Turid Berge Endrerud
Song: Åshild Vetrhus og Lajla Renate Buer Storli.
Dei ordinære kursa kostar kroner 3 000.
Syskenmoderasjon kroner 600 pr. søsken.
Dette dekkjer kost, losji og undervisning sundag til fredag.
Det kan vera lurt å søkje heimkommunen din og det lokale spel- og dansarlaget om økonomisk støtte.