Kurs
Også i år finns det eit breitt spekter av kurs du kan delta på. Kjenner du deg ustø på foten eller har ei kråke i halsen? Vi hjelper deg i gang med både takt og tonar.
Gratis kurs for frilansmusikarar og -dansarar.
Nyttige tips kring økonomi, skatt og trygd for frilansarar.
Stad: Underetasjen i Velkomstbygget – Valdres Folkemuseum.
Arrangør: Austnorsk folkemusikksenter.
Påmelding til Bente Hemsing, tlf 97 15 24 45
LAURDAG 14.00–15.30 // VALDRES FOLKEMUSEUM // GRATIS
Valdresspringar, nybyrjarar
Instruktørar: Bjørn Strand og Kjersti Løvold
Valdresspringar, vidarekomne
Instruktørar: Dag Hamre og Aaste Månum Ødegaard
Gamaldans
Instruktørar Ivar Hemsing og Anne Marit Røn
Kurs/seminar om Olav Snortheim
Ei samling med fokus på langeleikspelaren Olav Snortheim. Vi lærer låttar og diskuterer spelestil.
Munnharpe, nybyrjarar og litt vidarekomne
Instruktør: Magne Olav Selland
Song/kveding
Kim André Rysstad er lærar på årets songkurs. Han er ein kvedar frå Setesdal og vann mellom anna IntroFOLK i 2009.
KURSA GÅR TORSDAG KL. 18-21 OG FREDAG KL.10.30-14.30 PÅ VALDRES FOLKEMUSEUM OG FAGERNES HOTELL. I tillegg vil springarkursa delta i lagdans sundag, og songkurset deltek med framføring på skiferplassen laurdag under godkartevlinga.
PRIS: 400,-
PÅMELDINGSFRIST 10.JULI.
Etter fristen kan de ringe festivalkontoret for å høyre om det er ledige plassar på tlf. 6135 9423
Kursa går i samarbeid med Valdres folkemusikklag