Spor

Konsertar 2013

Konserten "Damenes aften" sundag 21. juli klokka 19.30 med instruktørane på Strunkeveko er opningskonserten for heile årets Jørn Hilme- stemnet og Strunkeveko.

 

"Damenes aften"

Dette er konserten der instruktørane på Strunkeveko får vist kva dei kan. Og det er ikkje lite, dette er ein knallstart på ei knallveke!

Sundag 21. juli kl 19.30 // Valdres folkehøgskule, Leira

 

Konsert på Jaslangen

I år skal alle strunkeelevane få vere med på konsert på Jaslangen, som er eit stølsområde oppe i fjellet i Vestre Slidre. Her skal me sitte ute i brisken og sjå utover fjellheimen medan me er på konsert. Ein fantastisk oppleving, men det kan bli litt kjølig så ta med tjukke klær!

Tysdag 23. juli  // Jaslangen

 

"Strunkemonster"

Sjokoladekappleiken ”Strunkemonster” er kappleiken for alle skumle monstere, og alle som er glad i sjokolade!

Onsdag 24. juli kl. 19.00 // Valdres folkehøgskule, Leira

 

 

"Dans på Slidrehuset"

Strunkeveko stiller opp med dansespel på Slidrehuset for alle danselystne!

Torsdag 25. juli kl. 20.30 // Slidrehuset på Valdres folkemuseum, Fagernes

 

Avslutningsframsyninga

Her vil alle deltakarane på kurset delta med song, dans, spel og teater. Vel 100 flotte deltakarar i ei og same framsyning - dette må bli heilt strålande!

Fredag 26. juli kl. 15.00 // Valdres folkehøgskule, Leira

 

OBS! Tidspunkta kan bli endra