Spor

Konsertar 2011

Konserten "Skjemt og alvor" sundag 24. juli klokka 19.30 med instruktørane på Strunkeveko er opningskonserten for heile 38 programpunkt under årets Jørn Hilme- stemnet og Strunkeveko.

"Skjemt og alvor"

Dette er konserten der instruktørane på Strunkeveko får vist kva dei kan. Og det er ikkje lite, dette er ein knallstart på ei knallveke!

Sundag 24. juli kl 19.30//Valdres folkehøgskule, Leira

 

"Dans på lokalet"

Måndagen skipar vi til ein dansefest på folkehøgskulen. Her vil dyktige spelemenn frå Valdres, saman med instruktørane på Strunkeveko sørge for drivande godt dansespel. Vi loddar ut fruktkorg på inngangsbilletten, og kiosken stiller med sal av brus og godteri for dei som likar det!

Måndag 25. juli kl. 19.30//Valdres folkehøgskule, Leira

 

"Kaptein Strunkebill"

Temaet for sjokoladekappleiken i år er SJØRØVERE! Dette er kappleiken for alle som kan ei sjørøvervise, setje sjøbein eller rett og slett er veldig glad i sjokolade!

Onsdag 27. juli kl. 19.00//Valdres folkehøgskule, Leira

 

"Draum"

På torsdagen skal me få sjå framsyninga til elevane på det nye kurset for dei eldste: Folkemusikk i perspektiv. 

Torsdag 28. juli kl 19.00//Festsalen på Valdres folkemuseum, Fagernes

 

"Dans på Slidrehuset"

Strunkeveko stiller opp med dansespel på Slidrehuset for alle danselystne!

Torsdag 28. juli kl. 21.00//Slidrehuset på Valdres folkemuseum, Fagernes

 

"På eventyr"

Avslutningsframsyninga for Strunkeveko 2011 heiter "På eventyr". Her vil alle deltakarane på kurset delta, og gjennom historiene frå folkeeventyra vil me formidle song, dans, spel og teater. Vel 100 flotte deltakarar i ei og same framsyning - dette må bli heilt strålande!

Fredag 29. juli kl. 15.00//Valdres folkehøgskule, Leira