Fredagsfest på Herangstunet:
Konsert med Torgeir Straand og dans
Det blir nok ein strålande fredagsfest i Spelemannstogo no på fredag. Denne gongen er me så heldige at me får besøk av spelemannen Torgeir Straand frå Bø i Telemark. Torgeir vil halde ein liten konsert før dansen tek til.
Dette må de få med dykk!
Etter konsertering blir det... dans, oppladning til Landskappleik, Landsfestival og eller det de måtte trenge oppvarming til.
Kaffe, gjærbakst, kaker og eit utruleg spanande vinlotteri blir det sjølvsagt også.
Det er med andre ord ingen grunn til å site heime på fredag. Det er på Herang det skjer!
Konsertstart: 20:00
Inngang: 100 kr.
Konserten blir arrangert i samarbeid med Valdresakademiet
29. mai 2012