Hovudside Jørn Hilme-stemnet er kappleik
Facebook Instagram

Jørn Hilme-stemnet er kappleik

Her finn du resultat frå kappleiken på Jørn Hilme-stemnet 2018: https://resultat.folkorg.no/klasser/?kid=40

Det er førehandspåmelding frå og med måndag 4. juni til og med onsdag 11. juli 2018. Meld deg på her: https://tevling.folkorg.no/ Det blir sett opp startliste i løpet av torsdag 12. juli. Deltaking gir gjennomgangsbillett til kappleiken og arrangementa på museet. For seniorar kostar det 200 kr å delta, for juniorar og rekrutt 100 kr. Gratis for strunkeelevar. Seks dommarar dømmer i alle klasser med utgangspunkt i FolkOrgs dommarskjema.

Meld deg på her:  www.tevling.folkorg.no 

Dei tre beste poengsummane (uansett klasse) kjem til finalen, der vinnaren blir lønt med 10  000 kr, andreplassen med 5 000 kr og tredjeplassen med 2 000 kr.

Jørn Hilme-stemnet har følgjande klasseinndeling:

  • Eldre folkemusikkinstrument: langeleik, munnharpe, fløyter, lur, bukkehorn mm. 
  • Samspel av alle slag: Gruppespel, lagspel og open klasse
  • Toradar/Trekkspel
  • Hardingfele/Vanleg fele
  • Vokal
  • Pardans: Springar/springleik/pols, gangar/bonde, runddansar
  • Halling
  • Jørn Hilmes-polkapris. Fredag kårer eit dansande publikum og fagjurye beste solo rundansspelemann. Meld deg på!

Laurdag klokka 12.00 er det Go'kartevling på Skiferplassen på Fagernes. Dette er ei tevling der du konkurrerer i best utføring av ulike idrettsleikar og triks, samt å spenne rundkast/hallingkast. Påmelding til go'kartevlinga skjer laurdag på Skiferplassen.

 Startlister til kappleiken:

Startliste Joern Hilme Stemnet 2018 Fredag

Startliste Joern Hilme Stemnet 2018 Laurdag

Startliste Joern Hilme Stemnet 2018 Laurdag Kveld