Laurdag og syndag:

Kappleik

Kappleiken på Hilmestemnet er sjølve rosina i pølsa. Denne kappleiken er blant dei største i landet og utmerkar seg med eit særs lydhøyrt publikum. I år er det innført nokre endringar som vi håpar vil falle i smak både hjå publikum og deltakarar.
KONICA MINOLTA DIGITAL CAMERA
KONICA MINOLTA DIGITAL CAMERA

Pengepremiar*

For første gong introduserer vi pengepremiar på kappleiken

Kappleiken sundagen på museet

Sundag blir heile kappleiken flytt til Valdres Folkemuseum. Utekappleiken er også flytta til sundag på museet.

TEVLINGSPROGRAM

Laurdag

Klasse C/junior/rekrutt spel, dans og vokal

Durspel junior og senior

Klasse B og D spel og vokal

Klasse A, B og D dans kl . 10.00–17.00 //

KULTURHUSET PÅ FAGERNES // KR. 100

Godkartevling med FRIKAR på Skiferplassen

Godkartevling i Fagernes sentrum. Tradisjonen tru møtest godkarar frå heile landet til uformell, men prestisjetung kappestrid. Her vinn den karen eller kvinna som spenner høgast, hoppar lengst og vrir og vrengjer mest på seg i tråd med tradisjonen.

Programleiar Hallgrim Hansegård.

LAURDAG KL. 12.00 // SKIFERPLASSEN // GRATIS

Sundag

Open klasse

Eldre folkemusikkinstrument

Klasse A spel og vokal

11.00–15.00 Kappleik i Festsalen på Valdres Folkemuseum

15.00 Utekappleik med lagdans, lokk, bukkehorn, lur og tambur. Premieutdeling for heile kappleiken.

HEILE SUNDAGEN PÅ VALDRES FOLKEMUSEUM // KR. 150

Påmelding:

Påmelding skjer via www.paamelding.folkemusikk.no helst innan torsdag 28. juli klokka 23.00. Då kostar påmeldinga: Seniorar kr. 150 / juniorar kr. 100 / rekruttar kr. 50. Dersom du melder deg på under kappleiken laurdagen kr. 200 / kr. 120 / kr. 70. Andre gongs deltaking kr. 70.

Deltakarar i samspel eller lagdans betaler vanleg deltakarbillett. Deltakarbilletten gjev fri inngang på museet laurdag kveld og heile sundagen.

OBS! Siste frist for påmelding for kappleik både laurdag og sundag er laurdag klokka 15.00

* Pengepremiane er gjevne av Sparebank 1, Valdres motor og bilskade, Brødrene Moe, Slidre bygg og prosjektering, Veksthuset og Fosheim sag.