281854_10150351301837209_586222208_9966428_6793728_n_560x373

8400 besøkte Jørn Hilme- stemnet i 2011

Jørn Hilme- stemnet er godt fornøyd med årets festival. 8400 publikumarar vitja dei 38 ulike programpunkta under festivalen. Dette er ein oppgang på omlag 500 fleire besøkjande enn i fjor. I 2012 vil Jørn Hilme- stemnet foregå frå 22. - 29. juli. På bilete ovanfor ser du Ådne Kolbjørnshus og Anita Langødegård i amfiprogrammet på Valdres Folkemuseum på sundagen. (Foto: Ellen Persvold)
1. august 2011
Hilme jpeg

Jørn Hilme-stemnet:

Kappleiken på Jørn Hilme- stemnet

Under kappleiken på Jørn Hilme- stemnet var det med 171 deltakarar fordelt på 90 startnummer. Det var mange gode prestasjonar. Hallgrim Hansegård vann både laus klasse A, og vart årets Godkar i Godkartevlinga. Nytt av året var pengepremiar til alle vinnarane. Resultat frå kappleiken finn de på linken under her.
1. august 2011
Foto: Stian Andersen

Frir til valdrisane laurdag klokka 20.00 på Valdres Folkemuseum

Aasmund Nordstoga til Jørn Hilme-stemnet

- Storebror Nordstoga er for aktuell med plata Friaren. Laurdag kveld 30. juli skal han fri til Jørn Hilme publikumet, på amfiscena på Valdres Folkemuseum laurdag.
3_DSC_0077_560x432_cropped_558x374

Gokartevling med FRIKAR på Skiferplassen

Laurdag kl 12.00 er det klart for verdas einaste tevling i go´karstykke. I år er det FRIKAR-gründer Hallgrim Hansegård saman med landets mestvinnande lausdansar, Martin Myhr, som er konfransierar. Dei håpar på rekorddeltaking i år!
26. juli 2011

Susen av Garlistuten

Olav Norheim og Knut Opheimsbakken fortel i tonar og ord den dramatiske historia til Trondefela som reiste over hav og land. Det var denne fela Jørn Hilme spelte på. Eit konsertkåseri med historisk sus.
7. juli 2011

Kveldsbod «lyrikk og musikk»

Kirsti Maanum les lyrikk frå Oppland med tonefylgje av Tore Jørgen Rødølen. Ei stemningsfull lyrisk «kveldsete» med musikk på fele, cello og nykkjelharpe.
7. juli 2011
KONICA MINOLTA DIGITAL CAMERA

Laurdag og syndag:

Kappleik

Kappleiken på Hilmestemnet er sjølve rosina i pølsa. Denne kappleiken er blant dei største i landet og utmerkar seg med eit særs lydhøyrt publikum. I år er det innført nokre endringar som vi håpar vil falle i smak både hjå publikum og deltakarar.
24. juni 2011