Hovudside Info Nyheiter Stillingsutlysing
Facebook Instagram

Stillingsutlysing Kurs- og arrangementsansvarleg

VFAS - torsdag 02. mai 2019

Valdres folkemusikkarrangement AS (VFAS) søkjer ny medarbeidar. Er du den vi søkjer?

Valdres folkemusikkarrangement AS er eit ideelt aksjeselskap heileigd av Valdres folkemusikklag. Selskapet arrangerer kurs og konsertar gjennom året, folkemusikkfestivalen Jørn Hilme-stemnet og sommarkurset Strunkeveko, som begge går føre seg i veke 28 kvart år. VFAS har to tilsette på heilårsbasis, men i festival- og kursperioden blir staben utvida med prosjektmedarbeidarar og frivillige.

Stillinga
Vi søkjer etter ein medarbeidar i 50-70 % stilling til arbeid innan folkemusikkfeltet i eitt av kjerneområda for folkemusikk- og dans i landet. Storleiken på stillinga er avhengig av kvalifikasjonar, men inneber ansvar for planlegging, organisering og gjennomføring av sommarkurset Strunkeveko, konsertrekka Hilme året rundt og ulike aktivitetar gjennom året.

Til arbeidet må ein kunne ha evne til økonomisk styring etter budsjett, og kunne arbeide fram prosjekt og drift med ansvar for søknadsskriving og rapportering.

Stillinga kan også innehalde eit spesifikt ansvar for marknadsføring, avhengig av kvalifikasjonar.

Aktuelle kvalifikasjonar og eigenskapar

Vi treng ein strukturert person med gode samarbeidsevner og relevant arbeidserfaring og/eller utdanning innan kulturadministrasjon/økonomi. I tillegg ynskjer me at du:    

  • har god skriftleg framstillingsevne.
  • har erfaring frå prosjektleiing.
  • har erfaring med arrangering i alle ledd (kontraktsarbeid, PR, sceneteknisk kompetanse).
  • er interessert i utviklingsarbeid og publikumsbygging.
  • er diplomatisk og løysingsorientert.

Vi tilbyr:

  • Stillinga er på 50-70% av full stilling, men ein må rekne med at arbeidsmengda vil vera ujamt fordelt gjennom året. 
  • Ein utfordrande og allsidig jobb i eit triveleg og kreativt miljø.
  • Løn etter avtale.

Send søknad med CV til: post@hilme.no innan 16.05.2019

Spørsmål kan rettast til dagleg leiar Ellen Persvold, mobil 990 31 511.  

 

Arbeidsgjevar: Valdres folkemusikkarrangement AS

Stillingstittel: Kurs- og arrangementsansvarleg

Stad: Fagernes 
Frist:  16.05.2019
Varighet: Fast, 50-70 % stilling
Tiltreding: 1. september 2019 eller etter avtale

Handlekurv
Gå til kasse ›
antall
varer
0
Totalt kr. 0,-