Hovudside Info Nyheiter Dolly Parton til Valdres!
Facebook Instagram

Dolly Parton til Valdres!

Alice Gudheim - mandag 01. apr 2019

Det blir skrive historie når sjølvaste Dolly Parton kjem til Valdres Folkemuseum sin sommaropning 15. juni. Det er Jørn Hilme-stemnet og Valdresmusea som har drege i land avtalen.

-Vi har langeleiken å takke, seier Ole Aastad Bråten og Ellen Persvold entusiastisk.

Dolly Parton spelar mange instrument, deriblant dulcimer, som er ein variant av den norske langeleiken. I avtalen frå Valdresmusea og Hilme-stemnet ligg at Dolly skal få overrekt ein ny langeleik laga av Niels Røine.

-Dette er ein elektrifisert og modernisert langeleik som gjer seg godt på store scener. At ho slo til på avtalen, er nesten for godt til å vera sant, seier Persvold, som no gler seg over at verdsstjerna skal kaste glamour over langeleiken.

Direktør Ole Aastad Bråten får æra av å overrekkje instrumentet, og han reknar også med å stille opp som instruktør for den folkekjære verdsstjerna.

-Vi skulle gjerne hatt ho på sjølvaste Hilme-stemnet, men det passa ikkje inn i turnéplanane. At vi får ho hit på sommaropninga til Valdresmusea er likevel ei fantastisk hending, seier Ellen Persvold.

Handlekurv
Gå til kasse ›
antall
varer
0
Totalt kr. 0,-