Historikk

Historikk

Det er Valdres Folkemuseum, og den dåverande styraren Eiliv Odde Hauge som har æra for at stemnet starta i 1960. Stemnet er såleis den eldste folkemusikkfestivalen i landet. Etterkvart tok Valdres Folkemusikklag over ansvaret for gjennomføringa, og ofte var det den tilsette folkemusikksekretæren som gjorde mykje av førebuingsarbeidet.

Stemnet vart ved starten gjeve namn etter Jørn Hilme (1778-1854). Han var ein storspelemann frå Ulnes i Nord-Aurdal. Skjegle-Jørn, som var eit av mange namn på Jørn, hadde avgjerande innverknad på hardingfelespelet i Valdres, og fekk også stor innverknad på spelet i Hallingdal, i Sogn og på Voss. Hilmin var særleg kjend for sju "Jørnsrengjer". Dette er låtar som er "range", altså vanskelege å spela. Ristetak er typisk for desse låtane. Mange av speltradisjonane i Valdres reknar seg meir eller mindre tilbake til Jørn, og storspelemannen Olav Moe var særleg ivrig i å trekke liner til Jørn..

Stemnet var frå starten ein kombinasjon av kappleik, konsertar, teater og dans, og ved opninga i 1960 vart det t.d premiere på ei teaterframsyning om Jørn Hilme, men mange da dåtidas mest profilerte spelemenn i rollene. Dei siste åra er konsertane ytterlegare vektlagt, men kappleiken er framleis ein av dei største i landet. Nettopp kombinasjonen av kappleik, festival, kurs og dans gjer stemnet populært. Her finn du litt av alt. Sist år hadde me ca. 7500 besøkande.

Følgjer du lenkjene under, kan du lesa om programmet på dei siste Jørn Hilme-stemna.

Programfaldar 2007 (pdf)
Programfaldar 2006 (pdf)
Programfaldar 2005 (pdf)
Programfaldar 2004 (pdf)
Programfaldar 2003 (pdf)
Programfaldar 2002 (pdf)
Programfaldar 2001 (pdf)
Programfaldar 2000 (pdf)

Kven var Jørn Hilme?

Meisterspelemannen Jørn Hilme var fødd i Ulnes i 1778. Han utvikla dei gamle toveksslåttane og skapte lengre slåttar med fire-fem vek eller skifte. ”Hilmisguten” var serleg kjend for dei krevjande Jørnsrengjene med dobbeltgrip og kvævetonar – fleire tonar som kling saman. Ristetak – triolar – er eit anna særmerke for desse slåttane.

For slåttespelet i Valdres og bygdene ikring, vart Jørn Hilme det same som Myllarguten var for Telemark.

Her er ein artikkel frå Valdres bygdebok VI, 1968:
(av Olav Moe)

Jørn Nilsson Hilme var den fremste skaparen av det slåttespelet som enno lever i Valdres og bygdene ikring. Etter oppgåve frå Statsarkivet på Hamar var Jørn Hilme fødd i Ulnes i N. A. i 1778, sonen til Nils Jørnsson Ringsåk-eiga og Ingebjørg Olsdtr. Ulnes. Dei vart vigde i Ulneskyrkja den 5. november 1775 og kjøpte plassen Hilmes­Hagen 1788. I 1821 seIde dei att plassen til sonen, Jørn Nilsson Hilme, Hilmes-guten, som jamt var namnet hans i dagleg tale. I den heimen budde Jørn og huslyden hans så lenge Jørn var frisk og førleg. Dei trur han døydde hjå sonen sin, Ola i Sølleplassen, den 25. februar 1854. Han vart gravlagd på Ulnes kyrkjegard den 4. mars same året.

Jørn vart i Valdres og grannebygdene det same som Myllarguten i Telemark i slåttebygging og utforming av slåttane. Det var det merke­lege ved båe desse spelemennene at dei var like store både som spelemenn og slåttediktarar .

Jørn Hilme braut tidleg med dei gamle slåtteformene, dei stutte to-veksslåttane og bygde dei ut til fleire vek og rikare form. Han skapte «skule» i slåttebygging: Lengere slåttar med opptil 4-5 vek eller skifte og ofte meir enn det, og der til ei formfin harmonisering med dobbeltgrip og kvævetonar, fleire tonar som song saman, og ei makelaus bogeføring med ristetak -triolar -som krev stor teknisk dugleik. Ein kan som døme nemne slåttar som Hilmesrengja, Heksedansen, Spelemannsprøva, Trumpen o. fl., slåttar som i si tid var brukt mykje også i andre bygder enn Valdres, såleis i Telemark av Knut Lurås, Håvard Gibøen m. fl., i Numedal av Skjellerud på Nes, i Sogn, på Voss, og i andre bygdelag. Det er sagt i musikkskrifter at Jørn Hilme laga slåttane sine etter mønster frå andre bygder. Såleis seier dr. O. M. Sandvik i boki om Gudbrandsdalen at Jørn Hilme har bygt Hilmerengja på emne som må «være å søke i Gudbrandsdalen». Den tolkingi er så gal, som ho kan vera og grunnen til at ein så musikk­interessert og kunnig mann som Sandvik kan koma til ei slik overty­ding må vera at han dømer ut frå ei rangsnudd form av Hilmesrengja, som Arne Bjørndal har skrive opp på Voss, og som gode valdrisar, som har slåtten beinveges etter læregutane åt Hilme, slett ikkje godkjenner. Det er kulturhistorisk gale for ein samlar og granskar, som vil syne ei særs kulturgrein, å gje ut sideformer til kunstverket i staden for å leite fram originalen der kunstverket er skapt.

Hilmerengja er i oppbygging og instrumentalisering med ristetak, kvævetonar og dobbeltgrip, så ekte Hilmes-slått som nokon kan høyre og med den særmerkte Valdres-svip.

Det er òg ein annan merknad til folkemusikken ein med det same lyt setja fingren på: Konservator Rikard Berge seier om Myllarguten at han var den fyrste norske spelemannen som nytta dobbeltgrip i spelet sitt, og gjer han såleis til skaparen av det fleirtonige spelet i norsk folkemusikk. Når ein veit, at Jørn Hilme var mange og tjue år gamal, og såleis fullfør spelemann då «Myllaren» vart fødd, og vidare at Hilmes-spelet i alle tider har vore særmerkt ved det rike tilfang på dobbeltgrip og kvævetonar, så vil ein snøgt koma til visse om kven som var den fyrste av dei to til å nytte seg av det fleirtonige spelet. 1)

Det gjekk og går framleies mange segner om alle dei trolldoms­kunster dei gamle spelemenn, og då særs Jørn Hilme, nytta i kunsti si. Det var mystikken, trui på huldrer og troll og på sjølve Fossegri­men som fengde og fengsla folkehugen når kunstgiren fekk makt over spelemannen. Der hadde folkemusikken si vogge og si utforming. Det var den greske mytefiguren, Orfevs, han som etter segni song og spela så fint at steinane gret, og villdyri vart venlege av seg under spelet hans. Det var den same Orfevs-rnystikken, som gjekk att i dei Norske huldresegner og gav atterljom i Hilmesspelet i Valdres. Med den rike fantasi og eventyrdåm i det norske folk, var det ikkje vandt å vise til røynlege prov på trolldomskunster hjå dei gamle bonde­spelemenn, og særs hjå eit kunstnarleg flogvit som Jørn Hilme.

Når spelemannen var komen i ekse, kunstgiren glimta gjennom spe­let og steig i venleik og eksekutiv kraft med utsyn som lyste av makt og innhald, var det løyndomsfulle makter som virka med i utformingi, meinte folket. Jørn Hilme vart sjølvsagt så mykje meir åtgådd som «trolldomskunstnar», som han var større spelemann enn andre.

Samstundes som Jørn Hilme var den store, skapande tonekunstna­ren, er det rett å vise til noko som dr. Erik Eggen skriv om Valdres­musikken i «Valdres-900-årsskrift» frå 1923:

«Sermerkt for Valdres-musikken er, at samstundes som han ned mot våre dagar har vist ei uvanleg rik blørning, so inneheld han ty­delege merke på å springe fram av uhorveleg gamle røter. Ein kan soleis gå ut frå at musikklivet i Valdres alt frå dei eldste tider og til i dag har vore sers blømande framom dei fleste andre bygder i landet, kanskje med unnatak av Telemark.» Og vidare: «Den valdriske Tomasklokkelått er eit verdig sidestykke til dei telemarkiske Kivlemøy-slåttar.» Og han legg til: «Ja, i kunstnerisk råme har dei (Vald­res-tonane) vore vellika nummer i dei store europeiske konsertsalane. For berre å halde oss til våre to store komponistar -Grieg og Svend­sen -so har dei ført valdriske folketonar vidt ut» -«og i mannskor­songens blømingstid her i landet, var det serleg Valdres som skaffa komponistane emne til umdikting og umskiping,» skriv Eggen.

Så det skulle då vera rikt grunnlag for eit skapande flogvit som Jørn Hilme til å byggje si kunst på. Olav Moe

Note: 1) Det «fleirtoniske spelet» er nok sikkert eldre enn Hilmin. Eg skreiv til ArneBjørndal ein gong om dette og grunngav synsmåtane så godt eg kunne, og sette opp desse postulat: 1 Det fleirtonige spelet er eldre enn Hilmin. 2. Det kan ikkje peikast ut nokon einskild mann som skaparen av det.. Bjørndal svara at han var einig. Olav Moe har hatt det til at føre Hilmin si tid hadde dei berre «eintonige to-vekslåttar». Dette er sikkert gale. (Merknad av Haldor Røyne.)

DVD

Til jubileumsfestivalen i 2010 vart det produsert ein flott dobbel-dvd med høgdepunkt frå dei 50 åra med Hilme-stemne. DVD-en inneheld ei mengd nrk-opptak og du får eit artig, historisk tilbakeblikk på stemnet. Ta kontakt med festivalen om du ønskjer å kjøpe filmen.