Hovudside Hilme året rundt
Facebook Instagram

Hilme året rundt

Hausten 2016 starta Hilme opp konsertserien Hilme året rundt. Konsertscena er ambulerande og vi tek i bruk ulike lokale rundt om kring i Valdres til konsertane. Konsertane er opne for alle, anten du er fast inventar på festivalen eller berre nysgjerrig på folkemusikk, og vi har eit variert tilbod gjennom året. Hausten 2018 blir det arrangert fire konsertar. 

 

Thov Wetterhus og Kjellbjørn Karsrud 

Fredag 21. september 2018 20.00 / Slidrehuset, Valdres Folkemuseum

Munnharpevirtuos Thov Wetterhus og levande folkemusikkleksikon Kjellbjørn Karsrud speler konsert saman. Dei vil gje dykk gode historier og drivande spel frå Numedal og Valdres. Konserten går som ein del av Norsk Munnharpefestival.

Inngang: 200/100,- 

Sjå ein smakebit av spelet til Thov her:


 

Natt på museet

Fredag 26. oktober 2018 18.00 / Slidrehuset, Valdres Folkemuseum


Natt på museet byr på korte intimkosnertar i gamle hus på museet og ein heidundranes dansefest med runddans og springar. Alle som var frivllige uner Jørn Hilme-stemnet har gratis inngang til denne konserten! Det blir konsertar med Per Anders Buen Garnås, Magnhild Karsrud og Ingrid Fossum. Etter konsertane blir det dans med Tor Nythun-Bøe og Emil Bakke Thon!

Arrangementet startar 18.00, og konsertane startar 19.00.

200/gratis for frivillige ved Hilme og Strunkeveko 2018

 

Knut Hamre på Kvamshall 

Laurdag 24. november 2018 19.00 / Kvamshall, Vestre Slidre 

Kurs og konsert med meisterspelemannen frå Hardanger. Etterpå blir det rakfisklag og dans! 

Konsert 150,- 
Konsert og rakfisklag 300/250,- 

Kurs 450,- 14.00-18.00 (inkluderer konsert og rakfisklag)

 

Julestemmer på Skarke

Sundag 2. desember 2018 16.30 / Slidrehuset Valdres Folkemuseum

Kom i ordentlig julestemning med å reise på Skarke og Julestemmer. Den fantastiske gruppa Julestemmer, beståande av Camilla Granlien, Annar By, Margrete Nordmoen, Solbjørg Tveiten og Frode Berntzen, gjev ein konsert du garantert kjem til å hugse i lang tid. Les meir om Skarke her. På grunn av stor interesse for konserten blir det salg av billettar på førehand her: https://hilme.ticketco.events/no/nb/e/julestemmer_paa_skarke

NB: Billetten gjev inngang til konserten med Julestemmer, men ikkje til Skarke, som er i regi av Valdres folkemuseum. Skarke er ferdig 16.00. 

Konsert: 150/75,- 

 

Hilme året rundt mottek støtte frå Norsk kulturfond

 

Kulturraadet Sort Liten

Julestemmer på Skarke Sundag 2. desember 2018 16.30 / Valdres Folkemuseum Kom i ordentlig julestemning med å reise på Skarke og Julestemmer. Den fantastiske gruppa Julestemmer, beståande av Camilla Granlien, Annar By, Margrete Nordmoen, Solbjørg Tveiten og Frode Berntzen, gjev ein konsert du garantert kjem til å hugse i lang tid. Les meir om Skarke her. På grunn av stor interesse for konserten blir det salg av billettar på førehand https://hilme.ticketco.events/no/nb/e/julestemmer_paa_skarke Hilme året rundt mottek støtte frå Norsk kulturfond