Gokartevling med FRIKAR på Skiferplassen

Laurdag kl 12.00 er det klart for verdas einaste tevling i go´karstykke. I år er det FRIKAR-gründer Hallgrim Hansegård saman med landets mestvinnande lausdansar, Martin Myhr, som er konfransierar. Dei håpar på rekorddeltaking i år!
IMG_4774

Go´kartevlinga 2011
Laurdag kl 12 er det klart for verdas einaste tevling i go´karstykke. Den tradisjonsrike hendinga pleier å samle Skiferplassen full av publikum som får oppleve akrobatiske rørsler dei neppe kunne tru at anybody could do. I år er det FRIKAR-gründer Hallgrim Hansegård saman med landets mestvinnande lausdansar, Martin Myhr, som er konfransierar. Dei håpar på rekorddeltaking i år ettersom rekrutteringa innan lausdans og godkarstykke har skote til vérs siste åra.

Kva er eit go´karstykke? Eit go´karstykke er irrasjonelle rørsler mynta på fysisk oppfostring og leik. Oftast har dei dyreelement (som i "spenne revkrok", "fiskesprett", "bjødnadans") eller element frå gardsreidsskapar (som "ringe stålbøge", "kaste hestesko", "smette mjuke med rive", "tre nåla" etc.) Dei mest kjende go´karstykka er nok "å bryte handbak", "slå revkrok", rundkast (sparke hatten), "å mala snus" (headspin) og "å kruke". Go´karstykka stiller krav til spenst, styrke, balanse, koordinasjon, taktikk og fleksibilitet.

LAURDAG KL. 12.00 // SKIFERPLASSEN // GRATIS //