Hovudside Bli med!
Facebook Instagram

Bli med!

Under dei hektiske Hilme-dagane bidreg nær 300 frivillige i kulissane. Også i år er det behov for hjelp og ei handsrekking, ikkje minst som vaktmannskap på kveldsarrangementa. Blir du med?


Arrangørane treng mange frivillige, mellom anna til å rydde stolar, henge opp plakatar, vere artistkontakt, selje billettar og smørje brødskiver. Vi treng særleg mange hyggjelege ordensvakter både på dag-, kveld- og nattetid. Målet er at ein som dugnadsarbeidar også skal få oppleve festivalen og at det å realisere noko saman skal gi ei ekstra god festivaloppleving! Bli med å skape årets Jørn Hilme-stemne!

Dette får du som er frivillig:

Arbeidar du inntil 6 timar: kveldsbillett til museet fredag eller laurdag
Arbeidar du i 12 timar eller meir: gjennomgangsbillett til kappleiken og alle arrangementa på museet under heile stemnet.

Dugnadsarmband, fribillettar og informasjon får du på stemnekontoret på Valdes Folkemuseum, som er ope under heile festivalveka. Meir informasjon om vakta får du av vakt- og frivilligsjef Anne Finnbråten, og elles når du møter opp til fyrste vakt.

 

Kontakt med vakt- og frivilligsjef her:

Anne Finnbråten 
annesinpost63@hotmail.com | 994 52 094

 

Andre spørsmål om frivilligarbeid:

Frode Rolandsgard
frode.rolandsgard@talik.no |911 97 407

 

Takk for at du vil vere frivillig på Hilme-stemnet! Velkommen til dugnad og fest!