trekkspill damer

Nytt kurs...!

"Folkemusikk i perspektiv"

I år har me ei nysatsning på Strunkeveko. Det er eit kurs som har fått namnet ”Folkemusikk i perspektiv”. Dette er eit kurs for dei eldste spel-elevane, frå 16-24år, som har spelt lenge og har blitt erfarne på sitt instrument og ynskjer eit breiare perspektiv.

Kurset vil vere teori- og samtalebasert, og leggje vekt på erfaringsoverføring frå erfarne musikarar til unge folkemusikkutøvarar. Det vil også vere høve til å få instruksjon frå nokre av dei beste folkemusikarane i landet. Blant anna vil John Ole Morken vere mentor for desse elevane gjennom veka.

Elevane på dette kurset vil også få ansvaret for å planleggje og gjennomføre ein konsert på Jørn Hilme-stemnet. Konserten har fått namnet ”Draum” og går føre seg på Valdres Folkemuseum torsdag 28.juli kl.19.00.

På dette kurset ynskjer me på ulike instrument slik at dei også kan utveksle erfaringar på tvers av instrumenta.