Seminar og konsert 23.-24. februar.
Felemakarkunsten
Valdresmusea har i mange år vore pådrivar for å skape møteplassar for felemakarar i Noreg. Dei vil no ta oppatt denne tradisjonen og skipar difor til seminar for profesjonelle hardingfelemakarar på Valdres Folkemuseum, torsdag 23. – fredag 24. februar.
Foredraga er opne for alle med interesse for instrumentfaget, men av omsyn til plass og for dei påmeldte instrumentmakarane, bed vi om at du seier i frå på førehand om du vil koma. Ta kontakt om du har spørsmål om programmet og seminaret.
Dugnadskonsert
I samband med seminaret skipar vi til dugnadskonsert i festsalen på Valdres Folkemuseum. Fleire av seminardeltakarane er spelemenn på toppnivå. Nokre av dei som vi spele og snakke om instrumenta sine er Vidar Lande, Jan Beitohaugen Granli, Ottar Kaasa og Niels Røine.
Tidspunkt: Torsdag 23. februar klokka 20.30.
Inngang kroner 50,-
Program for seminaret:
Torsdag 23. februar
Velkomstbygget
12.00–12.30: Registrering, servering av frukt og kaffi
12.30–13.30: Om plateavstemming v/ Anders Buen
13.30–15.00: Omvising i folkekunstutstillinga v/ Ole Aastad Bråten
Framvising av gamle instrument frå magasinet v/ Knut Opheimsbakken
15.00–16.00: Lunch i Kafé Valdres
Verkstaden
16.00–17.30: Fagprat med Knut Opheimsbakken
- trimming av stolar
- plateavstemming
- dekor med så mangt: pensel eller stift?
- omvising i verkstaden etter Olav Viken
Velkomstbygget
17.30–18.00: Film om Harald Kvandal
19.00–20.30: Middag i Kafé Valdres
20.30– Dugnadskonsert
Fredag 24. februar
Verkstaden
09.30–12.00: Om lakk og lakkering v/ Knut Opheimsbakken og Bergljot Hedda Lunde
12.00–13.00: Lunch i Kafé Valdres
13.00–14.00: Om bogar og bogemaking v/ Niels Røine
14.00–15.00: Fagprat
15.00–15.30: Evaluering
17. februar 2012