Dansespel
Dansen har stor plass på Jørn Hilme-stemnet. Sumarkveldane på Valdres Folkemuseum med dansespel som strøymer ut frå dei gamle stovene, er med på å gje festivalen sitt særpreg.
MÅNDAG Dans på lokalet
Allereie på måndag skipar Strunkeveko til ein storslegen dansefest på Valdres folkehøgskule. Her vil både elevar, lærarar og gjester syte for upåklageleg dansemusikk og ikkje minst god stemning på dansegolvet!
KL. 19.30 // VALDRES FOLKEHØGSKULE, LEIRA // 100 KR
TORSDAG Dans på museet
Både ute og inne vil ungdommeleg dansespel setje sitt preg på museet. Elevar og lærarar frå Strunkeveko står for gamaldans og bygdedans denne kvelden.
KL. 20.00 // VALDRES FOLKEMUSEUM // GRATIS
FREDAG Olsok-kveld på Valdres Folkemuseum
Gamaldans med «Haugerud, Fingarsen og Evje» og ulike grupper frå Valdres.
«Haugerud, Fingarsen og Evje» er gamaldansorkesteret som vann NM i folkemusikk på Geilo 2009. Dei er kjende for å levere god tradisjonsmusikk med godt dansedrag. I tilegg blir det sjølvsagt valdresspringar og andre bygdedansar til landets beste dansespelemenn på mange golv.
KL. 20.00 // VALDRES FOLKEMUSEUM // 200KR
LAURDAG Sumarkveld på Valdres Folkemuseum
Gamaldans
Me lovar gamaldansentusiastar drivande og variert gamaldans denne kvelden.
Fleire ulike grupper frå Valdres vil bidra, saman med mellom andre:
Gnekk & Yt blir sagt å vera eit døme på nyvitalisering i gamaldansmiljøet i Noreg. Namna på dei som er med i gruppa talar for seg sjølve: Øyvind Sandum, Bjørn Kåre Odde, Mads Erik Odde, Bjarne Odde, Ole Morten Blankenborg.
Tørstad og co under leiing av Tom Kjetil Tørstad; ein av dei mestvinnande toradarspelarane i landet med sigrar frå både Landskappleik, Landsfesteival og Kongepokal frå Titanofestivalen. Når denna gruppa spelar til dans er det vanskeleg å sitja still!
Bygdedans
Valdresspringar og andre bygdedansar til landets beste dansepelemenn på mange golv
KL. 20.00 // VALDRES FOLKEMUSEUM // 300KR FRAM TIL 21.30, DERETTER 200KR
SUNDAG Siste sjangse!
For dei som enno ikkje syns dei har fått dansa nok blir det høve til dans etter konserten "Olav Snortheim - ein hundreårskonsert" på Valdres Folkemuseum klokka 18.00
CA. KL. 19.00 // VALDRES FOLKEMUSEUM // 150KR (for heile dagen)