Kurs i bukkehorn, lur og seljefløyte
Spel på bukkehorn, lur og seljefløyte i naturlege omgjevnader på Hermannstølen i Tisleidalen. Kombiner stølsliv og frisk luft med folkemusikk. Kurshaldaren har i fleire år vore ein av våre fremste utøvarar på dei eldre folkemusikkinstrumenta, og har vunne Landskappleiken fleire gonger. Under kurset vil ein leggja mest vekt på seljefløyte. Få også ei unik oppleving i lag med stølsfolket og buskapen deira!
Torsdag 15.30-18.00 og fredag 10.00-13.00 //
Fødnestrøe, Hermannstølen i Tisleidalen
Instruktør: Jørn Simenstad
Pris: kr 400,-
(Køyr RV51 frå Leira mot Gol, ta av til Hermannstølen ved Fjellbu og følg skilting derifrå til Fødnestrøe. Turen tek om lag 30 min.)
Reiserute på kart
Fødnestrøe: www.stolslivet.no
Du kan ta bussen til Fødnestrøe, Hermannstølen onsdag. Les meir her
Klikk her for å melde deg på »
« Attende





