Kursoversikt 2009
Kurs for ungdom og vaksneJørn Hilme-stemnet har i år eit rikhaldig kurstilbod. Vi tilbyr kurs i gamaldans for nybyrjarar, valdresspringar for nybyrjarar og vidarekomne, munnharpe, songar knytte til stølslivet, gjetarinstrument (seljefløyte, lur og bukkehorn), langeleik for nybyrjarar og vidarekomne, og kurs i halling, breikdans og capoeira med Frikar.
Dansekurs
Lausdans, breikdans og capoeira med FrikarBli med på kurs med nokre av dei beste dansarane i landet!
TORS. 11-14 // QUALITY HOTEL & RESORT FAGERNES
Les meir »
Valdresspringar for nybyrjarar
For deg som vil lære dansen som gjev minst 100 sjarmpoeng på fest!
TORSDAG 15.30-18.00 OG FREDAG 10.00-14.30 //
SLIDREHUSET, VALDRES FOLKEMUSEUM
Les meir »
Valdresspringar for vidarekomne
For deg som vil lære krydderet og dei ultimate triksa.
TORSDAG 15.30-18.00 OG FREDAG 10.00-14.30 //
QUALITY HOTEL & RESORT FAGERNES
Les meir »
Innføringskurs i gamaldans
For deg som har lyst til å læra dansa etter runddansens glade tonar.
TYSDAG 17-20 OG ONSDAG 16-19 // VALDRES FOLKEMUSEUM
Les meir »
Spel og song
Munnharpe for nybyrjararFå ein prøvesmak på dette fantastiske instrumentet.
FREDAG 10-14 // VALDRES FOLKEMUSEUM
Les meir »
Langeleik for nybyrjarar
Lær deg å spela på dette typiske valdresinstrumentet.
TORSDAG 15.30-18.00 OG FREDAG 10.00-14.00 //
VALDRES FOLKEMUSEUM
Les meir »
Langeleik for vidarekomne
Spesialkurs i langeleikspel. Lær låttar i tradisjon etter Guri Hegge.
FREDAG 10.00-14.00 // VALDRES FOLKEMUSEUM
Les meir »
Kurs i bukkehorn, lur og seljefløyte
Spel på bukkehorn, lur og seljefløyte i naturlege omgjevnader.
ONSDAG 15-18 OG TORSDAG 10-13 //
FØDNESTRØE, HERMANNSTØLEN I TISLEIDALEN
Les meir »
Song og stølsoppleving
Bli med på ei kombinert støls- og songoppleving i Øystre Slidre.
TORSDAG 15-18 OG FREDAG 10-13 //
SKJELSTØLEN, ØYSTRE SLIDRE
Les meir »
Klikk her for å melde deg på »
Meir informasjon
Meir informasjon finn du i eigen kursfaldar eller kontakt oss på e-post kurs@hilme.no og tlf 61 36 46 71. Påmeldingsfrist: 10. juli.Kurs for barn og ungdom sjå www.strunkeveko.no. NB! Påmelding Strunkeveko (frå 11 år), Ministrunk (6-11 år), Dans og uttrykk (frå 16 år).





