Kappleik
Kappleiken på Jørn Hilme-stemnet er av dei største i landet. Hit kjem dansarar og spelemenn for å tevle om gjæve premiar, heider og ære.På Hilme-stemnet har du òg moglegheit til å få med deg utekappleik på museet med lagdans, lokk, bukkehorn, lur og tambur og ikkje minst den populære godkartevlinga i Fagernes sentrum. Her blir kvart år den sprekaste av alle spreke godkarar kåra etter harde konkurransar i meir eller mindre kjende karstykke.
Kappleiken går over to dagar:
LAURDAG
Klasse Rekrutt, C vokal/spel/dans/durspel juniorKappleikspause under godkartevlinga på Skiferplassen
Klasse B og D vokal/spel/dans/durspel senior
KL. 10.00–17.00 // KULTURHUSET, FAGERNES
Godkartevling på Skiferplassen
KL. 12.00 // SKIFERPLASSEN, FAGERNES
Utekappleik med lagdans, lokk, bukkehorn, lur og tambur
KL. 19.30 // AMFISCENA, VALDRES FOLKEMUSEUM
SUNDAG
Premieutdeling for tevlingane laurdagKL. 10.30–11.00 // KULTURHUSET, FAGERNES
Open klasse, eldre folkemusikkinstrument og klasse A vokal/spel/dans
KL. 11.00–16.00 // KULTURHUSET, FAGERNES
PRIS
Deltakarbillett kr 150,– (kr 100,– med festivalpass).Deltakarbilletten gjev fri inngang på museet laurdag kveld.
Andre gongs deltaking kr 70,–
Rekrutt kr 70,–
Deltakarar i samspel eller lagdans betalar vanleg deltakarbillett.
Vi oppmodar folk om å melde seg på på førehand.
Klikk her for påmelding »





