SØK!
Jørn Hilme-stemnet

Dans

Dansen har stor plass på Jørn Hilme-stemnet. Sumarkveldane på Valdres Folkemuseum med dansespel som strøymer ut frå dei gamle stovene, er med på å gje festivalen sitt særpreg.

MÅNDAG

Dans på lokalet
Allereie på måndag skipar Strunkeveko til ein storslegen dansefest på Valdres folkehøgskule. Her vil både elevar, lærarar og gjester syte for upåklageleg dansemusikk og ikkje minst god stemning på dansegolvet!
KL. 19.30 // VALDRES FOLKEHØGSKULE, LEIRA

ONSDAG

Stølsfest i Fødnestrøe
Budeiene på stølsvidda ynskjer velkomen til auksjon og dans.
KL. 19.00 // FØDNESTRØE, HERMANNSTØLEN I TISLEIDALEN
(Køyr RV51 frå Leira mot Gol, ta av til Hermannstølen ved Fjellbu og følg skilting derifrå til Fødnestrøe. Turen tek om lag 30 min.)

TORSDAG

Dans på museet
Både ute og inne vil ungdommeleg dansespel setje sitt preg på museet. Elevar og lærarar frå Strunkeveko står for gamaldans og bygdedans denne kvelden.
KL. 21.00 // VALDRES FOLKEMUSEUM

FREDAG

Sumarkveld på Valdres Folkemuseum
Gamaldans til grupper frå Valdres, og Kvarts med Hemsing-systrene. Valdresspringar og andre bygdedansar til landets beste dansepelemenn på mange golv.
KL. 20.30 // VALDRES FOLKEMUSEUM

LAURDAG

Sumarkveld på Valdres Folkemuseum 
Gamaldans til Sven Nyhus kvartett og grupper frå Valdres. I år er det 40 år sidan Sven Nyhus og Tore Løvgreen starta samarbeidet i legendariske Sven Nyhus kvartett. Ein musikalsk innertiar! I kompet finn vi Arne Sigurd Haugen og Martin Thue. Valdresspringar og andre bygdedansar  til landets beste dansepelemenn på mange golv.
KL. 20.30 // VALDRES FOLKEMUSEUM

Årets festivalartist er hallingdansaren Martin Myhr.

Les meir »


Kappleiken på Jørn Hilme-stemnet er ein av dei største i heile landet!

Les meir »


Vi byr på eit rikhaldig kurstilbod.

Les meir »


Få oversikt over alle konsertane under festivalen.

Les meir »


God dansemusikk er varemerke for Jørn Hilme-stemnet.

Les meir »