SØK!
Jørn Hilme-stemnet

Arbeide frivillig under festivalen?

Jørn Hilme-stemnet er ein festival med stort mangfald, og mange oppgåver skal fyllast for å gjennomføre arrangementet. Vi  får ofte ros for den gode stemninga under festivalen. Eit resultat av trivelege dugnadsarbeidarar som yter god service til både publikum, artistar og andre frivillige. Som frivillig vil du oppleve festivalen frå innsida, og du blir del av eit stort festivalapparat.

Klikk her for å gå til registreringsskjema »

Omlag 250 dugnadsarbeidarar gjer ein innsats for festivalen kvart år - kontakt oss om du vil vere med! 

Artistkontakt 

Alle artistar som er engasjerte til festivalen får sin eigen artistkontakt under opphaldet sitt i Valdres.  Å vere artistkontakt er ei krevjande og ansvarsfull oppgåve, men også interessant og spennande! Du vil få oppleve festivalen frå innsida og kome nært innpå artistane.

Oppgåvene er mellom anna:
  • Ta i mot artistane
  • Å syte for at artistane trivst under opphaldet i Valdres
  • Å syte for at artistane er på rett stad til rett tid i høve lydprøver, konsertar, måltid oa.
  • Å bidra til å løyse små og store problem som kan oppstå
  • Samarbeide med billett - og dørvakter
Artistkontakten er festivalen sin service-person og guide i høve til artistane!

Festivalkontor

Festivalkontoret er hjå Valdres turistkontor vis a vis Skysstasjonen på Fagernes. Dugnadsarbeidarar og ansvarlege handterer her billettsal, telefon, og sel T-skjorter og andre festivaleffektar.
Informasjon: På festivalkontoret treng vi også deg som kan informere om festivalen, og svare på spørsmål frå publikum.

Billettsal

Vi treng også funksjonærar til manuelt billettsal og billettkontroll ved inngang på dei ulike arenaene våre.

Tevling

Under kappleiken på kulturhuset treng vi folk til å vera i sekretariatet (påmelding, registrering) og  vera innpiskarar (dele ut øvingsrom og ”skysse” deltakarane til scena).

Servering

Vi treng personell både til å syrgje for mat til dugnadsarbeidarane, artistar og stå for matsal i kantina på kulturhuset.

Vakt

Oppgåvene til vaktene er å halde ro og orden, vise publikum ”vegen”, og sjå til at folk trivst under arrangementa. T.d. vise til parkering, vera dørvakt, rydde og elles vera til hjelp om det trengs.

Teknisk

Scenemannskap: Jobbar som bindeledd mellom innleigde lyd - og lysteknikarar og artistar på konsertstaden. Ein fordel å ha kjennskap til scenetekniske forhold.

Riggemannskap: Er "grovarbeidarane" under festivalen, og utfører varierte oppgåver som å frakte lyd - og lysanlegg, scenemodular og anna utstyr til og frå konsertstadane etter utarbeidde tidsplanar. Her treng vi deg som har virkelyst, fleksibilitet og vil sveitte litt!

Godtgjersle

Som takk for innsatsen tilbyr vi:
  • Dugnadsarmband (minimum 12 timar). Dette gjev fri inngang til alle arrangement så sant det er plass.
  • For stuttare vakter (4 timar) tilbyr vi fribillett til ein Sumarkveld på Valdres Folkemuseum eller Solefallskonserten på Jaslangen. (Ei 4-timersvakt på museet, gjev fri inngang den kvelden du er vakt)
  • T-skjorte

Årets festivalartist er hallingdansaren Martin Myhr.

Les meir »


Kappleiken på Jørn Hilme-stemnet er ein av dei største i heile landet!

Les meir »


Vi byr på eit rikhaldig kurstilbod.

Les meir »


Få oversikt over alle konsertane under festivalen.

Les meir »


God dansemusikk er varemerke for Jørn Hilme-stemnet.

Les meir »