Årbok for norsk folkemusikk 2010 er no tilgjengeleg for medlemmene i FolkOrg. Boka blir ikkje sendt i Posten som fyrst meint, men er tilgjengeleg på bladet Folkemusikk sitt kontor på Valdres Folkemuseum. Det er fint om leiarar i lokallaga kan ta med seg bøker til medlemmer i sitt lokallag.
12. juli 2011
Gode valdresprestasjonar!
Det vart mange gode plasseringar på Landskappleiken i Seljord sist helg. Silje Onstad Hålien frå Vang vart historisk som den første jenta nokonsinne til å rykke opp i eliteklassa i laus/hallingdans.
4. juli 2011
Konsert i Volbu
Gruppa TRE har sin fyrste konsert laurdag 18. juni kl. 19.00 i Volbu kyrkje. Folketonar frå Valdres saman med lyden av harmonium, diverse strengeinstrument og sang er ramma for konserten.
14. juni 2011
Frå bladet Folkemusikk:
5.–8. mai samles danse- og spilleglade til gammeldanstreff på Storefjell. Årets utgave av treffet er det femte i rekka, og stadig flere vil til fjells. Dette kan vi lese i den nyeste utgaven av Bladet Folkemusikk, som akkurat nå er å få kjøpt i Narvesen.
15. april 2011
i Øystre Slidre:
Den tradisjonsrike påskefesten i Valdres, arrangert av Øystre Slidre spel- og dansarlag, går av stabelen onsdag 20. april. Det blir ein storstilt dansefest i Kaffesalen på Tingvang med spelemennene Jan Beitohaugen Granli, Magne Olav Selland, Laura Ellestad og Knut Oddvar Rogne med vener.