281854_10150351301837209_586222208_9966428_6793728_n_560x373

8400 besøkte Jørn Hilme- stemnet i 2011

Jørn Hilme- stemnet er godt fornøyd med årets festival. 8400 publikumarar vitja dei 38 ulike programpunkta under festivalen. Dette er ein oppgang på omlag 500 fleire besøkjande enn i fjor. I 2012 vil Jørn Hilme- stemnet foregå frå 22. - 29. juli. På bilete ovanfor ser du Ådne Kolbjørnshus og Anita Langødegård i amfiprogrammet på Valdres Folkemuseum på sundagen. (Foto: Ellen Persvold)
Særleg godt besøkt var Solefallskonserten på Jaslangen med heile 600 tilhøyrar. Utover dette var samtlege arrangement rimeleg godt besøkt. Publikumstalet er likevel noko mindre enn rekordåret med nærare 9500 beskjande i 2009. Mange fekk muligens kjensla av at det var noko mindre folk på museet på kveldstid. Dette hadde nok samanheng med at mange fleire folk befant seg innandørs i nybygget. Sal av billettar syner at det var like mange besøkande fredag kveld i år som i fjor, og på laurdag kveld var det ein oppgang frå 2010.