Ny publikumsrekord på Jaslangen

600 såg Valkyrien Allstars

Mange ser den årlege konserten på Jaslangen som eit «must». Det var det all grunn til også i år! Tuva, Ola og Erik inviterte til fjells og godt over 600 møtte opp tysdag kveld!
Valkyrien+Allstars
0_1470673[1]

Veret vart fint, og sola gjorde som vanleg vakre framstøt gjennom skylaga over Helin. Musikarane ga av seg sjølve og kommuniserte nydeleg med publikum.

Ekstern omtale på valdres.no:
Valdres.no: Valkyrien fekk fram kveldssola

Youtube frå Jaslangen



Førehandsomtale av konserten
Trioen som møtte kvarandre på Strunkeveko i sin grøne ungdom, har sterke band til Valdres og har gjesta Jørn Hilme-stemnet fleire gonger. Valkyrien Allstars har gjort suksess med platene Valkyrien Allstars og To månar. Dei er populære som festivalband og har tilhengarar frå mange musikalske miljø. Dei har lykkast svært godt med sitt cross-over-konsept, der musikken spenner frå det reint folkemusikalske til vill rock og vare viser. Snart kjem dei ut med si tredje plate.

Fjellkonserten på Jaslangen i Vestre Slidre går føre seg blant lyng og vier i eit av dei flottaste fjellområda i Valdres. Frå Fagernes køyrer du E16 til Ulnes, ta av til Vaset og følg skilting til Jaslangen. Turen tek ca 50 minutt.

TYSDAG 26. JULI KL. 20.30 // JASLANGEN // KR. 300

Vandring til Jaslangen

Tysdag klokka 15 kan du bli med på ei vandring i Jaslangenområdet med omvisar. Vi startar ved Buaråne og er framme på Jaslangen om lag klokka 19, der det er sal av mat og drikke.

Kl.15.00 :  Vandring i Jaslangområdet. med Svin Erik Ski som omvisar. Billett kr. 100,-
Turen går frå Buaråne og gjer ei spanande runde som tek ca 3 timar.
God parkeringsplass og lett terreng.
Røn musikklag syrgjer for sal av rømmegraut og spekemat, kaffe, kaker og drikke på Jaslangen etter fjellturen.

 


Samarbeidsprosjekt mellom Jørn Hilme- stemnet og Vestre Slidre kommune.